Ei teneste frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Regelverk OEP

OEP gir deg høve til å tinge innsyn i dokument frå departement og offentlege verksemder. Retten til innsyn og krav til publisering av informasjon på Internett er heimla i offentleglova. I tillegg er det fleire lover og forskrifter som regulerer retten til innsyn og behandling av innsynskrav. Her finn du ei oversikt over relevante lover og reglar.